Utskriftsvennlig versjon

Arkivplan

Forskriftene til Arkivlova krev at kommunen har ein arkivplan (forskr. § 2-2).

Arkivplanen skal til ein kvar tid gje oversyn over korleis all informasjon og dokumentasjon som kommunen treng i sitt daglege arbeid, eller har plikt til å oppbevare for ettertida, skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Arkivplanen skal innehalde eit oversyn over dei arkiva (arkivseriane) som finst i kommunen. Arkivplanen skal gje forpliktande retningsliner og gje oversyn som lettar bruk av kommunen sin dokumentmasse både for samtida og framtida. Den papirbaserte planen skal oppdaterast årleg, medan den elektroniske skal oppdaterast kontinuerleg. Endringar som skjer mellom oppdateringane skal førast i ein endringslogg.

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Ørskog kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finne informasjon om kva retningslinjer som må følgast, og kva løysningar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplan vert oppdatert jevnleg.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkiv kontaktast.

Arkivansvarleg Åse Karin Gjære kontaktast på telefon 70 16 59 07 eller e-post: ase.karin.gjere@orskog.kommune.no

Laster...