Utskriftsvennlig versjon

Skrivereglar for registrering i WebSak Fokus

Det skrivne ord er ein viktig del av vårt ansikt utad. Den som mottek ei skriftleg henvending frå kommunen, form av eit brev, ei brosjyre eller eit anna dokument, dannar seg ei oppfatning av kommunen på dette grunnlaget. Difor er det nødvendig med like skrivereglar for tilsette i Ørskog kommune.  Det kan hjelpe oss til å gje publikum eit klart og ryddig bilde av ein kommune som er korrekt og konsekvent i sin kontakt med omverda.

Ørskog kommune skal framstå likt i sine malar, og dei retningslinjer som vert sett skal følgjast. 

Layout / utfylling av registreringsbilde og bruk av tekstbehandlar i saksbehandlarsystemet WebSak.

Alle registreringsbilete skal fyllast ut med store og små bokstaver, og vert overført likt til mal.

Språk:
Nynorsk er det administrative språket i Ørskog kommune, og skal nyttast i all sakshandsaming.

Alle registreringsbilete og malar i WebSak har førehandsdefinerte skrifttypar og storleik.  Dei skal ikkje endrast. 

Skrifttype
Arial og font 10 skal nyttast iØrskog kommune.

 

Korleis skal ein sakstittel i WebSak leggast inn

  • Kor – kva er hovudregel, der det ikkje er naturleg med kor, blir det bare kva.
  • Sakstittel skal beskrive saksinnhaldet så godt som mogleg - tenk på gjenfinning for ettertida. 
  • Ved saker som er unnateke offentlegheit skal tittelen være nøytral, det vil seie at tittelen ikkje skal gjenspegla opplysningar som ikkje er offentleg.
  • Sakstittel 1 skal i utgangspunktet ikkje innehalde namn, sakstittel 2 kan nyttast til namn
  • Dato i sakstittel skal skrivast t.d.: 21.11.2008
  • Det er oppretta en del malsaker i WebSak med predefinerte  verdier. 

 

Regler for oppretting av bygge- og delingsaker
Gnr/bnr, Stad – Namn på tiltaket – Tiltakshavar

Døme på sak med feste- eller seksjonsnr:
Gnr/bnr f.0, Stad – Namn på tiltaket – Tiltakshavar

Gnr/bnr s.0, Stad – Namn på tiltaket – Tiltakshavar

 

Korleis skal ein journalpost/dokumenttittel i WebSak  registrerast

Journalposttittel skal i korte trekk skildra brevinnhaldet, ein skriv med små bokstaver (Stor forbokstav).

Her følgjer same prinsipp som sakstittel kor – kva, men skal beskrive brevets innhald.

Opplysninger unn. offentlegheit skal skjermast for innsyn, og dermed registrerast i tittelfeltets andre linje. Dette gjeld for både saks- og journalposttittel

 

Namn på avsendar/mottakar

For bedrifter/verksemder

Verksemda sitt fulle namn med eventuelt AS, ASA o.l til slutt. Namnet vert skrive med stor forbokstav – Stortinget.

Verksemda sitt navn skal skrivast som avsendar, i staden for saksbehandlar sitt namn.
Døme: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Når namnet består av fleire ord, er det berre det første som skal ha stor forbokstav – Statistisk sentralbyrå.
Navn skal skrivast og forkortast slik verksemda sjølv gjer.

For bedrifter/verksemder som har eigennavn med store bokstavar, skal avsendar/mottakar registreras med store bokstavar.

Som hovedregel skal ein nytte liten bokstav i generell omtale av utval, råd og organer – kommunestyret.

 

Privatpersonar

Skrivast på form Fornavn Etternavn

Anonym avsendar registrerast som NN

Stillingsbeskrivelser/-titlar skrivast med liten forbokstav – advokat Olsen
Alle lover skrivast med liten forbokstav, unntatt Grunnlova.

Vedlegg:

Skal ha ein kort eigen tittel som beskriv vedlegget.

 

Forkortingar

Bruk ikkje forkortingar når det ikkje er nødvendig. Forkort aldri om det kan medføre tvil eller mistyding.

Forkortingar som kan brukast:
adr.                 - adresse

m.a.                 - mellom anna

bnr.                 - bruksnummer       

ca                    - cirka

cm                  - centimeter

d.d.                 - dags dato

dm                  - desimeter

d.m.                - denne månad

d.s.                  - det/den/de same

då.                  - dette år

edb/EDB        - elektronisk databehandling

døme              - eksempel, eksemplar

e.l.                   - eller liknande

etc.                  - et cetera, og så videre

t.d.                  - til dømes

f.o.m.              - frå og med

f.t.                   - for tida

f.å.                  - førre år

gnr.                 - gardsnummer

inkl.                - inklusiv

jnr.                  - journalnummer

kr                    - krone(er)

lnr.                  - løpenummer

m                    - meter

mfl.                 - med fleire

m.m.               - med meir

mv.                 - med vidare

nr.                   - nummer

off.                  - offentleg, offisiell

o.l.                   - og liknande

osv.                 - og så vidare

ref.                  - referanse, referert

sign.                - signatur, signert                            

tlf.                   - telefon

t.o.m.              - til og med

vedk.              - vedkjem

Jf.                   - jamfør

 

 

Laster...