Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Ørskog kommune er eit organ etter arkivforskrifta. Som offentleg organ blir rekna statleg, fylkeskommunal eller kommunal institusjon eller eining, jf. arkivlova § 2

Arkiv og journaleiningar

Ørskog kommune har eit felles sentralarkiv for alle administrative einingar som er knytt til kommunen sitt sak-/arkivsystem (Acos WebSak Fokus)

All journalføring og administrativ saksbehandling skal skje i sak-/arkivsystemet, med unntak av visse personsensitive saker som skal førast i lukka fagsystem.

Sak-/arkivsystemet har ein felles database for journalføring og eit felles elektronisk arkiv for innkomne dokument som blir skanna og dei dokumenta som blir produserte internt

Ørskog kommune har desse einingane:

Sentraladministrasjon

Sørviskontoret

Teknisk avdeling

Sjøholt skule

Årøyhaugen barnehage

Ørskog sjukeheim

Heimetenestene

Butenesta

Helseavdeling

PPT (interkommunalt)

Landbruk (interkommunalt)

Administrative einingar som ikkje er knytt til sak-/arkivsytemet skal føre eigen (manuell) postjournal og ha eigne arkiv.

Avdelingar som behandlar sensitive personopplysningar skal registrere desse opplysningane i samsvar med føresegnene i personopplysningslova. Dette kan skje i sak-/arkivsystemet når ei risikovurdering tilseier dette og systemet har forskriftsmessige sikringstiltak, eller i eigne fagsystem. Desse fagsystema, med tilhøyrande manuelle klientarkiv, er ein del av fellesarkivet.

Laster...