|
Rådmannen sitt arkivansvar Rådmannen/administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunens arkiv og for at organisering og oppfølging av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter.
Forskrift om offentleg arkiv, § 1-1, arkivansvaret i offentlege organ: Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tillegg den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23.
Tenesteleiar sitt arkivansvar Tenesteleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar. Tenesteleiar har ansvar for å halde oversyn med restansar i eiga avdeling. Ta kontakt med arkivet for å få restanseliste for si avdeling. Tenesteleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre. Sjekk dette. Leiar har plikt til å sørge for at tilsette som skal slutte avsluttar saker som er ferdig handsama og overførar saker til anna sakshandsamar. |